Utøya-pårørende kommer til Sigridkongressen

Unni Espeland Marcussen mistet sin yngste datter, Andrine (16), i terrorangrepet på Utøya 22. juli. Hør hennes gripende beretning på Sigridkongressen 10. februar.
"Eg bur i Sarpsborg og har ein stor familie der eg er mamma, stemamma og bestemor. Eg er gift. Heile mitt yrkesaktive liv har eg jobba i skolen og er undervisningsinspektør på ein barneskole", forteller Unni om seg selv.
22. juli 2011 begynte en helt ny tidsregning for henne.
"Då blei minstejenta Andrine 16 år, drept på Utøya. Livet vårt stoppa opp, planar blei forandra og vi måtte begynne å øve oss på å leve på nytt.
Eg vil fortelje litt om korleis desse første døgna var. Kva var det som gjorde at vi klarte å stå oppreiste i dette grusomme som ramma, møtet med menneska på Sundvolden, kor viktig det er med informasjon og den massive støtta frå nære og fjerne.
Fokuset mitt vil vere på korleis menneske har møtt oss og kva det betyr å ha medmenneske rundt seg når krisa ramma r i livet. Eg vil også snakke om korleis eg/vi har valt å møte sorga, saknet, menneske som har ønska å vere der for oss og media.
For meg handlar sorg om å glede seg over det som var og sakne det som kunne vere eller bli", sier Unni.

